På sist fredag hadde me om monotypi. Monotypi betyr at du trykker ein ting ein gong. Me prøvde oss litt fram først. Me tok maling på eit lite glas me hadde på pulten. Så laga me forskjellig mønster i malingen på glaset. Når me hadde laga det slik me ville, la me eit papir oppå, og pressa mønsteret over på arket.
Dette var veldig interesangt og kjekt. Me prøvde oss fram me kor mykje maling me skulle bruke og kor mykje vatn me skulle ha i malingen osv. Eg likte ikkje denne trykke metoden først, men når eg kom skikelig i gang og hadde prøvd meg litt fram synst eg det var veldig morro. Det var veldig mykje forskjellig du kunne gjer med bildet. Du kan foreksempel skarpe eit mønter med andre enden av ein pensel. foreksempel tegna noko :)
Einaste du treng er eit glas eller noko anna du kan ta malingen på og lage bildet ditt på. Så treng du maling og pensel og andre ting du vil lage bildet ditt med, så treng du ark, så er det berre å sette i gang! Veldig morro!
Her er me i gang
Dei to bildene eg vart mest fornøyd med! :) Her dropla eg maling (med masse vatn i) på glassplata!